"FOSSEGRIMEN"

PRESSEANMELDELSER



Dag og Tid, 29/7/1995:
Fossegrimen er frå gamalt kjent som vette i vatn og fossar. Mange spanande soger er fram gjenom åra fortalt i gamle myter og segner og i folketrua knytt til vatn og vasskraft, som har vore sjølve grunnlaget for busetnaden i Fjell-Noreg. Vassdraga
har vore ei kraftkjelde til alle tider - for utnytting av jord, for naturoppleving og etterkvart som kraftkjelde for det moderne
samfunnet. Det kom nyleg ei særleg aktuell bok om mange emne som knyter seg til Fossegrimen, eit multimediaverk om
vatn, vasskraft og energi med utgangspunkt i tradisjonen om Fossegrimen frå gamal tid. Her smeltar musikk og bilete
saman til ei oppleving for fleire sansar.

Bak dette prosjektet står tre trauste hallingar som har teke mål av seg til å temja Fossegrimen. Den internasjonalt kjende
fotografen Knut Bry har fanga Fossegrimen i kameraet på dei mange reisene sine i inn- og utland med ei særleg verdfull
samling av foto frå vatn og vassdrag, frå natur i skiftande årstider til kraftutbygging. Komponisten Erik Wøllo har kledd
Fossegrimen i velklingande tonedrakt, medan skribenten Eldgrim H. Springgard har skrive poetiske og lyriske tekstar om
denne fuktige kraftkaren frå folketrua som har teke bustad i alt vatn til nytte for både natur og menneske.

Verket om Fossegrimen byggjer på ei framføring som vart laga i høve opninga av Ål kulturhus i 1992. I tillegg til
bokutgjevinga med musikk-CD har det vore ei utstilling om Fossegrimen på Høvikodden Kunstsenter i Bærum, ei utstilling
som vart sett opp så nær vatn og vasshjul som råd var, og som gav ei interessant framstilling av
forteljingane om Fossegrimen.
Olav Sunnanå


Musikkavisen Puls, 22/2/1996:
-«Fest setebeltet! Gjør deg klar til en flytur inn i en mytisk eventyrverden. Vi flyr lavt over bekker, fosser, tjern og hav. Bilder, musikk og lyrikk fører deg inn i en dimensjon av mytisk forestilling, kraft, energi og farger av en annen verden. Sjelden har samtidsmusikk, fotokunst og poesi funnet en slik ensartet tone. Resultatet foreligger som en vakker liten bok med CD. Den oversvømmes av nydelige ord og bilder, sammen musikken.
Og musikken er halve moroa. Den følger landskapets konturer, over blå troll fjell, inn bak fossen og gjennom tidene.
Forankringen er i norsk folkemusikk, men kraftige innslag av den moderne, elektroniske lydverden finnes også i fullt monn. Preludiet spruter av kraft og vitalitet, og er en vanvittig stilig sak; typisk for Erik Wøllo. Her er føde for de fleste sanser!»
Veronika Karlsen


Fædrelandsvennen, 16/5/1995:
--«resultatet er blitt en opplevelsespakke der hvert av elementene bygger opp under hverandre.
Diktene blir stort sett ikke brukt som tekster til musikken, som i hovedsak er
instrumental og klang-orientert heller enn melodisk. Bildene lever sitt eget liv uten konkret illustrasjons-funksjon.
Særlig nært samspill er det mellom Wøllos rene, vakre klanger reflekterer Knut Brys konkrete, men sterkt lys-, fargemessig og strukturelt bearbeidende naturbilder!»




ORDER
(Origo Sound)